Shopping cart

Hyllestad Open 2023

Bilde av deltakarane som nådde semifinalen

Hyllestad Open 2023 over for denne gang og Rudi Andre Wolff med komback som vinnar av Hyllestad Open for første gong sidan 2004, i tillegg blir det hans første Fylkesmester tittel!

Ja Open ferdig for denne gong, eit godt og blanda felt starta frisk lørdag formiddag.

Me starta som vanlig med innledande gruppespel kvallik, her var 17 deltakra med fordelt over 4 puljer, 3 vidare frå kvar pulje til dobbeltcup 12-4.

Hyllestad Open har hatt som tradisjon at ingen skal være seeda i innledande gruppespel, dette fordi det opner for at om ein er "heldig" så kan ein trekke alle dei gode spelarane i ei pulje og dermed gi andre enn toppen ein sjans til å nå sluttspelet :)

Gruppespelet går vell stort sett som forventa dei fleste puljene mangen av kampane hadde ein klar vinner, noken tette kamper blir det jo selfølgelig og ei gruppe skillte seg ut med å bli veldig tett, det var pulje d med Gard, Benjamin, Ketil, Martin og Aleksander, Gard tar 1 plass her uten tvil men kven som skulle ta dei 2 siste plassane for å komme seg vidare vart til slutt avgjort på innbyrdes og poeng mellom Benjamin, Ketil og Martin, der Martin dessverre kom for kort og mangler bare 3 sett på Benjamin for å gå videre i staden han

Lørdagen samla dei fleste seg på Stolia Motell for mat og litt god i glasset etterfulgt av god stemning resten av kvelden, Reidun diska opp med nydelig jegergryte etterfulgt med kake og kaffi, tilbakemeldingane er gode :) Takk til Storlia Motell for at me får gjeste Motellet :)

Søndag formiddag, vi rakk å spele 3 runder av sluttspel lørdag og starta derfor taperrunde 2 og Vinnerkvalifisering

Ein såg fort at det begynte å hardne til, det såg ut til at alle var gira på å få tak i det største trofeet

Robin Slår Ketil 5-2           Eirik slår likedan lillebror Jarle 5-2, i Vinnerkvallik er det tettare ingen er villige å tape, men noken må Gard går derfor seirande ut 6-4 mot Dag Jøran, samme gjer Rudi mot Jardar 6-4

i taperkvalikk blir det derfor Robin mot Dag Jøran, Robin spelar bra men bommer enkelte viktige baller og må derfor sjå seg slått av Aralden 6-2

Eirik møtte Jardar og her viser vell det litt igjennom kven som trenar mest, Eirik vinner 6-2

i Semifinalen blir det ungdommen mot ein anna og dei litt eldre ungdommane mot kvarandre

Begge matcher blir meget tett, ingen ønsker å tape nervar, fantastisk spel og uforståelige bommar, ja dei hadde alt.

Eirik slår Gard 6-5! samme gjer Rudi mot Dag Jøran 6-5!

Finalen er då satt. Rudi har vunne Open 5 gongar før denne finalen, Rudi har ikkje Fylkesmester tittelen i frå før, då denne fram til 2005 vart kåra ved Øren cup i Høyanger (Rudi vann sist i 2004)

Eirik i sin første Open finale og sikkert nok ganske sugen på å legge desse titlane til på merrerittlista

Her som i semifinalen går kampen til 5-5 det såg ei stund ut som Rudi skulle vinne greitt han ledar vell på eit tidspunkt 4-2.

Siste parti ut, Eirik på bordet, det ser greitt ut puttar bra, har ei vanskelig kule før 8 en skal ned, her må han innom å klappse kula for å få den i bedre possisjon, dessverre for han ender kula mørk, han prøver å hente den i vant, bommer og Rudi har opent bord med ball i hand, no er det vinn eller forsvinn, han gjer jobben eit gledesbrøl vart det og ein Meget fornøgd Rudi kan løfte trofeet for både Fylkesmester i 8-ball og vinnar av Hyllestad Open 2023!

Grattulerer til alle!

Rankingliste:

 

1
Rudi Andre Wolff
2
Eirik Tonning Hatløy
3
Gard Eiken Flage
4
Dag-Jøran Aralden
5
Robin Hauge Pettersen
6
Jardar Eiken Flage
7
Jarle Tonning Hatløy
8
Ketil Andre Strømmen
9
Sveinung Arnessin Østgård
10
Benjamin Herland Aralden
10 Jan Erik Hatlem
11
Astrid Eiken Flage
12
Martin Hatløy Engdal
13 Gjermund Flage
14
Aleksander Tonning Hatløy
15 Bjørnar Søreide
16
Tanja Kvellestad Akse

Vinnara Hyllestad Open Gjennom tidene

1992 Kurt Hatlem

1993 Kristian Systad

1994 Asbjørn Høydal

1995 Ståle Lavik

1996 Rudi Wolff 1

1997 Rolf Hatlem

1998 Stian Wie

1999 Rudi Wolff 2

2000 Rudi Wolff 3

2001 Frode Herland

2002 Stian Wie

2003 Rudi Wolff 4

2004 Rudi Wolff 5

2005 Tommy Wolff 1

2006 Tommy Wolff 2

2007 Tommy Wolff 3

2008 Vidar Blidensol

2009 Tommy Wolff 4

2010 Steffen Wolff 1

2011 Tommy Wolff 5

2012 Steffen Wolff 2

2013 Tommy Wolff 6

2014 Stian Larsen

2015 Tommy Wolff 7

2016 Vegar Kristiansen

2017 Matias Sætre

2018 Matias Sætre 2

2019 Steffen Wolff

2020 Covid (Avlyst)

2021 Dag Jøran Aralden

2022 Matias Sætre 3

2023 Rudi Andre Wolff 6 + 1 Fylkesmester

 

Published Nov 26, 2023

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment